Tysnes kommune sin kulturpris for 2024 går til Tysnes Bondekvinnelag.

 

Kjære Tysnes Bygdekvinnelag
 

Gratulerer med Tysnes kommune sin kulturpris for 2024!
 

Prisen er ei stadfesting på kor viktig dykkar arbeid er for vårt lokalsamfunn. Om eit par år fyller laget 70 år, og i alle desse åra har de vore ei drivkraft på Tysnes. Det er eit mysterium at de ikkje har fått denne prisen før! De har gjort ein fantastisk innsats for kultur, fellesskap, integrering og ikkje minst, for vår identitet som bygdesamfunn.
 

Gjennom mange år har de vore ein bærar av tradisjonar, samstundes som de har vist ei utruleg evne til å tilpassa dykk og møta dagens behov. De har ikkje berre teke vare på det gamle, men òg skapt noko nytt, med aktivitetar som både inkluderar og engasjerar.
 

Slagordet dykkar er «Samhald, tradisjonar, inkludering», og i alt de gjer viser de at desse orda betyr noko.  
 

Eg har forsøkt å få ei oversikt over alt de driv med, men lista vart så lang at eg ikkje kan nemna alt her, men her er eit lite utdrag:
•    De arrangerar ulike kurs i tradisjonsmatlaging, de inviterar til foredrag med både forfattarar og andre lokale aktørar og de arrangerar turar for medlemmar.
•    De har teke i mot nye innbyggjarar i kommunen med kurs i norske mattradisjonar og gjeve dei ei varm velkomst frå kvinne til kvinne. 
•    De visar eit stort engasjement for barn, og inviterar skulebarn til både plantefarging, strikking, formidling av matkultur og tradisjonar. De går føre som eit godt eksempel når det gjeld å visa korleis me lagar sunn og god mat, og de jobbar òg for at me ikkje skal kasta mat, for eksempel gjennom prosjektet «Bruk heile dyret» og «Berekraftig matkunnskap».
•    I valkampen arrangerte de politisk debatt om gratis skulemat, som er ei av fanesakene til Norges bygdekvinnelag. Andre politiske saker de engasjerar dykk i, er for eksempel å hindra nedbygging av dyrkbar og dyrka matjord for å kunne oppretthalda landbruk og matproduksjon i heile landet. 
•    I prosjektet de har hatt saman med Tysnes Sogelag om oppgradering av det gamle tinghuset, og den historie- og tradisjonsformidlingen som skjer gjennom utstillingar og prosjekt der, og i samarbeidet med Tysnes husflidslag, viser de eit bredt engasjement ikkje berre for eige lag men for heile lokalsamfunnet.
 

…og sånn kunne eg ha halde fram med ei stund til. 
 

Kulturprisen er ikkje berre eit bevis på den innsatsen de har gjort i fortida, men skal også vera motivasjon for vidare arbeid. Denne prisen er ei påminning til oss alle om kor viktig det er å verna om våre felles tradisjonar, samstuneds som me er opne for både fornying og utvikling.
 

Tysnes Bygdekvinnelag er eit klart eksempel på kva ein får til når me jobbar saman, deler erfaringar og støttar kvarandre.
Så, på vegne av Tysnes kommune, vil eg rette ei stor takk til dykk alle. Me er stolte av at de er ein del av vårt fellesskap, og me ser fram til alt det de vil fortsetta å bidra med i årene som kjem.
 

Gratulerer med Kulturprisen 2024, og tusen takk for alt de gjer for Tysnes!

Synnøve Bakke, ordførar
17.12.2024