Kart med reguleringsplanar og vedtekne dokument
Kommunen er pålagt å ha eit digitalt planregister til offentleg bruk.
Dei viktigaste gjeldande vedtekne dokument og reguleringsendringar, er tilgjengeleg i dette registeret.
Tilpassa mobil og nettbrett
Løysinga vert drifta av Norkart og samlar alle norske kommunar. Appen er tilpassa bruk på mobil og nettbrett. Den kan lastast ned gratis.
Offisielle eigedomsregister
Se eiendom er Statens kartverk si nettløysing for å vise informasjon frå matrikkelen – Noreg sitt offisielle eigedomsregister.
Matrikkelen inneheld informasjon om fast eigedom, under dette eigedommar, adresser, bygningar og bustader/andre brukseiningar. Se eiendom er utviklet for å kunne utlevere data frå matrikkelen som etter matrikkellova § 30, 3. ledd kan utleverast til alle.
Matrikkelinformasjon som fell innafor virkeområdet til personopplysningsloven er ikkje å finne i nettløysinga.