Har du rom og hjarte for å gje nokon eit trygt og stabilt heim to døgn i månaden? Me søkjer etter familie eller einslege som ønskjer å vera besøkshjem.

 

Kva er eit besøkshjem? 
Tysnes kommune gjer tilbod om besøksheim til familiar som av ulike årsaker treng avlastning. Dette kan være familiar som får hjelpetiltak av barnevernet, familiar med funksjonshemma barn eller familiar som av andre grunnar treng avlastning. 

Ein besøksheim er ein vanlig heim som kan ta vare på eitt eller fleire barn eit visst antall gongar per månad. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar som treng det. Besøksheimen skal ikkje erstatte heimen til barnet, men vere ein ekstra ressurs for barnet og foreldra.

 

Oppgåva til ein besøksheim
Som besøkshjem tek du imot eitt eller fleire barn på overnatting, ei eller fleire helger i månaden. Det kan òg vere aktuelt å ha barn i deler av skuleferier og etter avtale. 

Eit besøksheim skal tilby barnet trygge rammer og stimulerande aktivitet, men også rom for kvile. Nokon barn vil kunne vere ein del av familien sine vanlege aktivitetar, medan nokon barn vil ha behov for meir tilpassa aktivitet.

Besøkshjem, også kjent som avlastningsheim, er ei tiltak som kan vere aktuelt for familiar me kjem i kontakt med gjennom barnevernstenesta eller helse- og omsorgstenesta. 

 

Kven kan bli besøksheim?
Det er viktig at besøksheimen består av trygge og stabile vaksne personar som har både husrom og hjarterom. Både einslege og par, med og utan eigne barn kan søkja om å bli besøksheim. Det blir ikkje stilt krav om formell utdanning for å bli besøksheim, då me legg vekt på personlege eigenskapar og engasjement. Det må takast omsyn til at barna treng noko tettare oppfølging og meir merksemd enn barn og ungdom på same alder.

Me søkjer etter trygge vaksne som evnar å sjå barna sine behov og vere tolmodig. Det er ønskjeleg at dei vaksne i besøksheimen er god på å skapa trygge rammer og gode relasjoner til barn og unge, samt at ein klarar å stå i utfordrande situasjonar.

Det er ein fordel om du har førarkort og bil.

 

Vegen vidare
For å bli vurdert som besøksheim treng me eit søknadsbrev frå deg/dykk som ei beskriving av motivasjon for å bli besøksheim. I tillegg er det ei føremon med opplysning om: relevant erfaring/bakgrunn knytt til oppfølging til barn og unge.

For å bli godkjent må man ta imot eit heimebesøk for ein samtale/intervju, vidare må alle over 18 år i husstanden legga fram politiattest utan merknad.

 

Me tilbyr
Som besøksheim får du individuell rettleiing. Du vil få godtgjersle (døgnsats) i samsvar med gjeldande satsar, samt utgiftsdekning ig køyregodtgjersle. 

 

Søknadsfrist
Me tek kontakt med interessentar fortlaupande.

 

Interessert? 
Fyll ut skjema under på vår heimeside og send denne til post@tysnes.kommune.no. Merk henvendinga di med “Besøksheim”.

For meir informasjon, ta kontakt med Eirik Hagebø, barnevernsleiar, tlf. 476 65 517, eller Ingvild Aslaksen Hustad, einingsleiar førebyggande og helsefremjande eining, tlf. 901 78 608.