Dato: 5. mars 2025 Tid: 18:00 - 20:00 Stad: Kommunestyresalen, Rådhuset
Tema: Korleis ynskjer me at reiselivet skal vera på Tysnes? Korleis kan me utvikle Tysnes som reiselivskommune?
Program:
- Velkomen
- Korleis betre marknadsføra tilboda i kommunen?
Torstein Hatlevik presenterer Tysnes gjev meirskap sitt prosjekt med postkort og QR-koder. Lær om moglegheitene som ligg her. - Workshop: Utvikling av reiseliv på Tysnes Diskuter og utforsk korleis me kan jobbe betre med reiseliv på Tysnes og utvikle kommunen som ein attraktiv reiselivsdestinasjon.
Dette er ein flott møteplass for alle som jobbar med reiseliv, eller som ynskjer å starta med noko innanfor reiseliv. Me håpar du har høve til å delta og bidra med dine tankar og idear.
Påmelding: Ver venleg og meld deg på innan 4.mars ved å senda ein e-post til eller SMS til 482 17 576.