Dei faste svangerskapskontrollane blir fortsatt utført hos fastlege/Tysnes legekontor.

Avtalen med Stord gjeld oppfølging/samtale knytta til den psykososiale delen av å vere gravid/å bli foreldre. Jordmor vurderer i møta med den gravide, kva som er fagleg forsvarleg til ei kvar tid, etter gjeldande tilråding frå helsedirektoratet (retningslinjer for svangerskapsomsorg).

Jordmor kommuniserer med fastlege gjennom elektroniske meldingar, og kan henvise vidare ved behov. Jordmor dokumenterer i journal, i tillegg må den gravide ha med helsekort for gravide. 

I avtaleperioden kan gravide på Tysnes kontakte jordmor i Stord kommune direkte for timeavtale. Oppmøte er på jordmor sitt kontor på Stord. Ta med helsekort for gravide.

Kontaktinformasjon: 53 49 69 85

Oppmøte: Stord helsepark, Borggata 7-9, 5417 Stord.

Nytilsett jordmor i Tysnes kommune, har oppstart 9. desember.