Ekstremvêret «Jacob» kjem med mykje regn torsdag 31. oktober
Det er meldt gult farevarsel for Tysnes kommune i samband med ekstremvêret «Jacob» som treff Vestland torsdag 31. oktober. Det er venta store mengder nedbør frå natt til torsdag, 60-100 mm på 24 timar. Det er ikkje styrtregn, men mykje nedbør over tid.
Nedbørsmengda kan føre til stor vassføring i elver og bekker. NVE oppmodar difor om at folk held god avstand, fordi det raskt kan oppstå erosjonsskadar eller flaum, eller bekker/elver kan ta nye løp. Unngå bratte skråningar, samt bekkar og elvelaup med stor vassføring.
Sjekk stikkrenner og andre vassvegar
Me vil oppmoda alle om å vurdere førebyggande tiltak som kan bidra til at vatnet kan renne fritt i det naturlege løpet. Det kan t.d. vere å reinse stikkrenner, rister, kulvertar, bekker og andre vassvegar. Tenk på lauv og kvister som samlar seg opp no om hausten.
Føl gjerne med på kritiske/sårbare punkt og infrastruktur som ein ut frå tidlegare erfaring har sett er utsett ved mykje regn.
Hald deg oppdatert om utviklinga av uvêret
Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert på varselet: www.varsom.no
Oppdatert informasjon om fylkesvegar er å finne på Statens vegvesen
Me vil oppdatere nettsida ved behov og eventuelle endringar i situasjonen.
Vurder behov for ferdsel ute frå oppdatert informasjon.
Kommunale tenester
Alle kommunale tenester går som normalt og det er ikkje forventa at kommunale tenester vert påverka av uveret. Dersom det likevel byr på utfordringar t.d. for heimetenstene, vil dei som blir berørt bli varsla direkte.
Skader og treng for hjelp
Fylkesveg: ring vegtrafikksentralen om situasjoner som påvirker trafikksikkerhet og fremkommelighet.
For vatn, avløp og kommunal veg, ring beredskapstelefonen: tlf. 90 94 46 73
Er det fare for liv og helse, nytt dei vanlege naudnummera:
Brann: 110
Politi: 112 / 02800
Ambulanse: 113
Legevakt: 116 117
Eigenberedskap
Me er midt i eigenberedskapsveka 2024, og vil nytte høve til å minne alle om dei nasjonale råda for å sikre eigen beredskap.