Stad: Tysnes skule, amfiet på mellomtrinnet
Dato: 21.januar
Tid: 18.00-20.00

 

På møte deltek Vestland fylkeskommune og Skyss, som har ansvar for våre to ferjesamband. 
 

Dei som kjem er:
Anne Iren Fagerbakke, direktør for mobilitet og kollektivtransport Vestland fylkeskommune
Arve Helle, utvalsleiar for samferdsleutvalet i Vestland fylkeskommune
Målfrid Vik Sønstabø, direktør Skyss

Dei vil informere om kvifor vi fekk så mange innstilte avgangar i 2024, og korleis dei ser for seg at ferjetilbodet til Tysnessamfunnet blir i 2025. 

På beredskapssambandet mot Stord er det stadige innstillingar som følgje av sjuketransport på natt, og dei vil informere om korleis det jobbast med dette hos Skyss og Vestland fylke. Dei vil også informere om korleis dei ser på problemet med attståande bilar på Halhjem og i Våge, og trafikkproblema det fører med seg, spesielt her hos oss. 

Arbeidet med å utarbeide anbodsdokument for nye ferjekontraktar har starta, sjølv om dei nye kontraktane ikkje skal gjelda før i 2030. Det vil bli gitt informasjon om denne prosessen og kva ein legg til grunn i dette arbeidet. 

Det blir høve til å stilla spørsmål. 
Om du ikkje ønskjer stille spørsmål sjølv under folkemøtet, kan du senda ditt spørsmål til ordstyrar Øyvind Bjerkestrand oyvbjerkes@gmail.com. Han samlar opp innkomne spørsmål og kjem til å vidareformidla nokre av dei i møte. 
 

Møte er ope for dei som vil delta.

Vel møtt.