Ergoterapeut i Tysnes kommune arbeider med menneske i alle aldrar og med ulike typar lidingar og diagnosar.

Til ergoterapeut kjem folk som har problem med å meistra aktivitetar og gjeremål i kvardagen. Ergoterapi er også å hjelpa pasienten til å ta i bruk eigne ressursar. For eldre kan tidlege ergoterapitiltak verka førebyggjande m.o.t. innlegging i institusjon.

Ergoterapeut i Tysnes kommune

Ergoterapeuten har kontor på helseavdelinga på kommunehuset.

Du kan ta direkte kontakt med ergoterapeuten, eller be pårørande eller anna helsepersonell ta kontakt for deg.

Det er ingen eigenandel på ergoterapitenesta.

Arbeidet omfattar

  • rehabilitering og habilitering
  • tilrettelegging, tilpassing og kompensasjon for tapt funksjon
  • rådgjeving ved bustadendring
  • tekniske hjelpemiddel
  • ergonomiske tiltak
  • funksjonsvurdering i bilsaker m.m.

Ergoterapeuten

  • deltek i tverrfagleg rehabiliteringsteam
  • kan vera konsulent m.a. i høve til offentlege bygg slik at dei kan bli best mogleg tilrettelagt for funksjonshemma
  • kan tilvisa til synspedagog dersom du har behov for synshjelpemiddel (spesial-lamper, luper m.m.)
  • er kontaktperson for kommunen til NAV Hjelpemiddelsentralen Vestland, Bergen

Kontakt

For kontakt med ergoterapitenesta ta kontakt med rådhuset på telefon 53 43 70 00 

Redusert kapasitet - informasjon oppdatert 12.09.23:

Ergoterapitenesta vil ha noko redusert kapasitet framover. Dette kan føre til lenger ventetid, men me har som mål å svare på alle henvendingar. Legg igjen beskjed hjå fellestenesta, så tek ergoterapeut kontakt innan ei veke.