Tysnes kommune har to bufelleskap for psykisk utviklingshemma; fem bustader i Haugen bufelleskap som ligg i Uggdal og seks bustader ligg i Vågsmarka bufelleskap som ligg i Våge. 

Bustadene har heildøgns bemanning som yt service til bebuarane.

Søknadskjema til trygde/omsorgsbustader sender du til rådhuset. Bustader blir administrert av pleie- og omsorg.

Husleige følgjer Tysnes kommune sine fastsette satsar og blir regulert kvart år.