Veke 50 har vore stille!
Omtrent ikkje ei “skrukke” på havet tysdag til torsdag. Me satte to garn natt til onsdag og torsdag, dei stod temmeleg grunt.
To fisk fekk me kvardag, til saman tre torskar og ei hyse. Flotte fiskar på ca 2-4 kilo, og ingen hadde plast i magen.
To gutar i 5.klasse fekk lyr og pale på fiskestang, og desse fiskane åt me, dei smakte kjempegodt!
Hønene legg litt meir egg, det er nok fordi dei for mykje kjærleik, sang, latter og godt stell!
Litt meir vedproduksjon har me utført denne veka, elevane våre er imponerande gode til å kløyve ved.
No tek me snart juleferie, det blir ein tur ut onsdag i neste veke før me tek julefri.
God helg!