Veke fem har vore fantastisk, nydeleg stille vêr, nesten så me har fått vårfølelse.
På onsdag såg me faktisk ei grågås i båthamna, det er utruleg tidleg.
På øya har me brent opp alt av greiner og rot i dalen kor me vil ha frukt og grønsakshage. No er det
klart for planting.
Me har tatt ned eit par furutrær og skal fortsette å rydde eit område litt aust på øya. Her skal det bli flott å sitje å sjå at sola står opp
når ein vaknar påSilstråleøya ein flott sommardag.
I garna har me fått torsk og hyser. Sju kreps fekk me i havteina på tysdag.
På tysdagen kom me og over ein oter, den låg og sov, men reiste seg og smatt i havet før kamera var klart. Uansett ei flott natur hending!
God helg frå blå skule!