Overraskande lite regn denne veka, men mildt.
Ingen fisk å få i nokon garn denne veka, litt kjedeleg. Kun ei lita kråkebolle.
Den eine høna vår var dårleg og me bestemte oss for å ta livet av den. Den var nok trøtt av dagar og iferd med å sovne inn.
Etterpå har me lagt den foran eit viltkamera for å sjå om me kan få bilete av ørn. Fortsettelse følger neste veke :)
På onsdag såg me oter for fyrste gong. Den satt på ein stein ved Verdens-ende, og slapp seg ut i sjøen når me kjøyrte forbi. Zoomer de inn på det rette bilete, vil de sjå den.
Torsdags gjengen fekk ned ei kjempestor grein som har ligge brekt etter ein storm for nokre år sida - kjempejobb!
Me gler oss til veke 4!
God helg frå oss på Solstråleøya.