Flott start på 2025.
Nydeleg vintervêr i årets fyrste veke.
Og denne veka fekk med meir fisk enn i heile desember tilsaman. Tre fine torskar er denne vekas resultat.
Hønene har det bra, sjølv om nota til den fyrste utegården har gitt etter for snøen. Dette fekk me ordna opp i på tysdagen.
Dei legg litt meir egg enn tidlegare i haust, men kjempe mykje er det ikkje.
Det har vore oter på øya, me så tydleg spor i snøen. No har me satt opp eit viltkamera. Hadde vore kjekt å fått ein oter på film.
På onsdag og torsdag har me hatt eit bål på sørsida og rydda og brent litt.
Me gler oss til neste veke, får me enda meir torsk då?
God helg frå oss på Solstråleøya!