I denne veka har me lagd oss ei stor balanseløype. Me fekk veldig mykje tau levert frå Stavanger av ein grei mann som heiter Bjørn.
Dette har me stramt opp mellom trærne og no er det ei løype på omkring 40 - 50 meter som born, ungdommar og vaksne kan utfolde seg i. Store smil hos alle i gjengen denne veka.
Me har fått langer på stolpelina kvar dag. Den styrste på 6 kilo.
Litt bålbrenning og rydding, då det nærmar seg bålforbud.