Kommuneplanen sin arealdel 2024-2036 er sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.
Frist for å gi høyringsuttale er 15. september 2024.
Kommunestyret fatta vedtak i møte 07.03.2024 å sende kommuneplanen sin arealdel 2024-2036 ut på høyring og offentleg ettersyn.
Planframlegget
Framlegg til kommuneplanen sin arealdel er utarbeidt i samsvar med fastsett planprogram, kommuneplanen sin samfunnsdel, arealstrategi og regionale- og nasjonale føringar.
Framlegget er oppdatert i samsvar med politiske vedtak i politisk arealplangruppe og seinare i formannskapet.
Arealdelen skal bidra til en forsvarleg, føreseieleg og berekraftig forvaltning av Tysnes kommune sine areal på land og i sjø. Den skal gje retning og sette rammar for bustadbygging og næringsutvikling, i bygd, tettstad og i utkantstrok. Arealplan er grunnlag for all byggjeaktivitet i kommunen. Og den skal være et godt styringsverktøy for kommunal plan- og byggesaksbehandling.
Plandokumenta
Kommuneplanen sin arealdel består av eit juridisk bindande plankart med tilhøyrande føresegn. Planskildringa gjer greie for verknader av planen, og kva føringar som er lagt til grunn for planframlegget.
Det er utarbeidt ein arealoversikt som syner ulike areal som er teke i bruk enten ved å være bygd eller opparbeidt, eksisterande og planlagt arealbruk.
Eit felles høyringsbrev er sendt til offentlege myndigheiter, organisasjonar, næringsråd og bygdalag.
Plankart -KPA- Arealformål.pdf
Plankart - Naust og føresegnområder.pdf
Plankart - LNF bustad spreidd.pdf
Plankart- Omsynssoner+kommuneplan.pdf
Vedlegg 1 - Oversikt over reguleringsplaner.pdf
Vurdering av byggegrense reg.planar.pdf
Heilskapleg ROS-analyse+Tysnes+kommune+06.04.22.pdf
Liste over innbyggjarinnspel.xlsx
Innspel og kommentarar sendes post@tysnes.kommune.no
Merk sendinga : KPA 2024-2036 frå…namn/organisasjon…. i emnefeltet om du sender digitalt. Skriftleg merknad sendast Tysnes kommune, Uggdalsvegen 301, 5685 UGGDAL
Informasjonsmøte i høyringsperioden
Det vil bli informasjonsmøte i høyringsperioden. Tid og stad for dette vil annonserast på kommunen sin nettstad og i lokalavisa.
Vidare arbeid etter at høyringsfrist.
Etter høyringsfrist vil me gå i gang med å vurdere merknadene som er sendt inn under høyringsperioden.
Det vil ikkje vera opning for å levera merknad etter 15. september.
Etter høyring, vurdering av innkomne merknader og justering av planframlegg sendas plan til politisk handsaming og vedtak i kommunestyret.
Prosessen vidare kan krevje både dialog og mekling med offentlege myndigheiter, difor er tid frå høyringsfrist til ferdig plan framleis uviss.
Dersom det ikkje er mogleg å koma til semje i drøftingar med høyringsinnstansane sendast kommuneplanen Kommunal og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd og stadfesting.