Tysnes kommune publiserer postliste på nettsida

Postlistene blir publiserte kvar tysdag (for dokument torsdag, fredag og måndag) og torsdag (for dokument tysdag, onsdag.) Dette er reglen. I jule- og sommarfeirer kan det vera avvik.

Innsyn i sakshandsaminga auker innbyggjarane sitt engasjement for lokaldemokratiet, og gjev dessutan moglegheit til å kontrollera og påvirka
kommunen som verksemd.

Finn du likevel ikkje saka di kan det ha ulike årsaker.

Dokument vert automatisk fjerna frå innsyn etter 3. månader Du har likevel rett til å be om innsyn. Kontakt fellestenesta for hjelp.

Krav om innsyn vert å senda til post@tysnes.kommune.no. Du kan bruka bestillerknappen bak postjournalen du ønskjer innsyn i.

Dokument som er unnateke frå offentlighet med heimel, vil koma fram på postlista, men ein del opplysningar vil vera merka med **.

Du kan be om innsyn i dokument som er unnateke offentlegheita. Kommunen praktiserer meiroffentlegheit, og kan gje innsyn etter at opplysingar som er
unnateke frå offentlighetslova er sladda vekk, så lenge resterande del ikkje gjer eit misvisande bilete av innhaldet, eller at dei sladda opplysningane ikkje utgjer
størsteparten av dokumentet.

I enkelte tilfeller har kommunen ikkje anledning til å offentleggjera dokument i følgje lovverket, mens det i andre tilfeller skal vurderast. Tysnes kommune har ingen plikt til å publisera postlista til kommunen på heimesida. Når det no vert gjort, vil kommunen leggja opp til å ha ei bevisst haldning til kva som vert publisert og kva konsekvens dette kan få for den
enkelte.

Desse dokumenta vert automatisk unnateke dokument i postjournalen vår:

  • Dokument som inneheld personnummer
  • Dokument som inneheld lønsopplysingar knytta til enkeltpersonar
  • Dokument vedkomande barnehage- og SFO
  • Dokument som etter skjønsmessig vurdering inneheld sjikanerande påstander eller røper private opplysningar om avsender eller andre privatpersonar

Postliste for fagsystem

Postlister til dokument som vert registrert i våre fagsystem ligg ikkje på heimesida. Pleie- og omsorg, barnevern og sosial er eksempel på avdelingar som nyttar slik fagsystem.