Korleis søkja
Tysnes kommune bruker Jobbnorge til lysing av ledige stillingar, faste og mellombels.
Avtale som tilkallingsvikar vert som hovudregel ikkje lyst ut. Nokon helgestillingar kan vere ledig ved direkte kontakt.
Tilkallingsvikar
Fleire arbeidsplassar har trong for ringevikarar som kan jobbe ved kortare fråvær. Som ringevikar har du ikkje plikt til å ta vakter du får tilbod om, og arbeidsgjevar har ikkje plikt til å tilby vakter.
Helgestillingar
Innan helse, på arbeidsplasser med døgnkontinuerlig drift, har me behov for tilsette som kan jobbe helg. Helgestillingar vert som hovudregel lyst gjennom Jobbnorge. Dersom me har stillingar som har vore ubemanna over tid, ved kortare vikariat, eller der det er fleire ledige helgestillingar, kan me tilsette i desse utan også utanom lysing.
Tilkallingsvikar i barnehage
Tysnesbarnehagane har behov for tilkallingsvikarar som kan dekka tilfeldig fråvær. Bruk kontaktskjema og meld din interesse, eller ta kontakt med einingsleiar barnehage for meir informasjon:
Wenche Fagerbakk, tlf 957 48 374 / wenche.fagerbakk@tysnes.kommune.no
Tilkallingsvikar i helse og omsorg
Innan helse og omsorg har me behov for tilkallingsvikarar som kan dekka tilfeldige fråvær. Det er positivt om du har helsefagleg kompetanse og/eller -erfaring. Det er viktig at du beherskar norsk munnleg godt. Bruk kontaktskjema og meld din interesse, eller ta kontakt med einingsleiar for meir informasjon:
- Helga N. Boland, tlf. 951 76 846 / helga.n.boland@tysnes.kommune.no
- Margrete Klemmetsby, tlf 918 22 616 / margrete.klemmetsby@tysnes.kommune.no
Støttekontakt/fritidskontakt i Tysnes kommune
Er du ein vaksen innbyggjar i Tysnes kommune som har lyst til å hjelpa andre til ei meiningsfylt fritid? Trykk på lenkja for meir informasjon og for kontaktinformasjon.