Korleis søkje
Tysnes kommune bruker WebCruiter til lysing av ledige stillingar. Stillingane vert også lyst i lokalavisa og på NAV sine sider.
Ønskjer du å søkje jobb i Tysnes kommune må du registrera deg og søkje via WebCruiter.
Har du spørsmål, kan du senda ein e-post til post@tysnes.kommune.no eller ta kontakt med ekspedisjonen i rådhuset på tlf. 53 43 70 00, eller sjå rettleiing lengre ned på sida.
Rettleiing til deg som skal søkja på utlyst stilling
Korleis søkje?
- Du må søkje elektronisk i WebCruiter.
- Du må registre deg og oppretta bruker for å søkje.
- Det er berre mogleg å søkja på stillingar som er lyst - og du må følgje lenkja frå stillingslysninga for å søkje.
CV og attester
- Du må legge inn CV første gong du søkjer på ein ledig stilling i kommunen.
- Din CV vert lagra i WebCruiter, så du kan bruke samme CV dersom du søkjer på fleire stillingar.
Korleis veit du at søknaden er motteke?
- Du får ein e-post som stadfester på at din søknad er motteke.
Offentlig søkjarliste
- Etter søknadsfristens utløp vert det oppretta ein offentlig søkjerliste.
- Dersom det går fram av din søknad at du ønsker konfidensiell behandling, gjør me merksam på at opplysningar om søkjar kan gjerast offentlig, sjølv om søkjer sjølv har bedt om konfidensiell behandling. Søkjar vert i tilfelle informert om dette, jfr offentlighetsloven §25.
Trenger du hjelp til å søke?
- Send e-post til post@tysnes.kommune.no
- Du kan også ringe sentralbordet Tlf.: 53 43 70 00
Ønskjer du karriererettleiing?
- Ønskjer du nokon å snakke med om jobb eller utdanning?
- Treng du hjelp til søknad og cv-skriving.
- Karriere Vestland tilbyr gratis karriererettleiing til alle vaksne over 19 år: karriererettleiing for vaksne
Lykke til!