Vil du bidra til at Tysnes vert eit godt sted å leve

Tysnes kommune er ein stor arbeidsgjevar i kommunen, med kring 330 tilsette. Oppgåvene våre er mange og allsidige, og me treng dyktige leiarar og medarbeidarar innan mange forskjellige yrkesretningar. 

Som tilsett i Tysnes kommune bidreg du til at Tysnes vert eit godt sted å leve, bo og arbeide. Dei fleste av våre tilsette yt tenester i direkte kontakt med våre innbyggjarar. Kommunen har mange tenester og det meste av ressursane går til barn, og til helse og omsorg.

Dyktige og motiverte medarbeidarar er vår viktigaste ressurs!

Jobba på Tysnes omsorgssenter

Tysnes omsorgssenter har ei stabil og faglig trygg gruppe tilsette med eit godt samhald. Les meir om kva me verdsetter i arbeidsmiljøet hos oss.