Har du lyst på ein variert og innhaldsrik kvardag?


Tysnesbarnehagane treng trygge og gode vaksne som vil gjere ein forskjell for barna i kommunen vår.

Me søkjer etter deg som likar å by på deg sjølv, som likar fysisk aktivitet og varierte arbeidsoppgåver. Du likar å undra og læra saman med barna. Du er ein trygg og god vaksne med eit positivt menneskesyn - ein god rollemodell for barna.

Som tilkallingsvikar kan me tilby arbeid/vakter ved fråvær pga av sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft.

Du må framlegga politiattest før tilsetjing, jf. barnehagelova § 30.

Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid.