Det er to høyrselskontaktar i kommunen. Ein er knytt til Open omsorg (heimetenesta) og ein til Tysnes omsorgssenter.
Både dei som har teneste frå kommunen, og dei som ikkje har, kan få hjelp frå høyrselskontakt.
Høyrslekontakt kan hjelpa med
- Rettleiing i bruk av høyreapparat og høyrslerelaterte hjelpemiddel.
- Enkel reparasjon av høyreapparat, evt. innsending til leverandør for reparasjon.
- Bistå med bestilling av utstyr, t.d. proppar og filter.
- Rettleiing til søknad om høyrslerelaterte hjelpemiddel
- varslingsutstyr, t.d. brannalarm og dørklokke
- hjelpemiddel, t.d. forsterkar til TV
- samtaleapparat
- Henvise til audiograf (utredning og behandling av høyrselskader).
- Bistå til kontakt med andre hjelpeinstansar etter behov.
Høyrselskontakt samarbeider med Tysnes Industri og dei som har ansvar for utlevering av hjelpemiddel.
Kontakt
Telefonnummer: 95709513
Grunna turnusarbeid vil telefonen ikkje bli besvart kvar dag. Dersom du ikkje får svar kan du sende ein melding eller legge igjen ein beskjed på svararen, så vil du bli kontakta.