Personar som er heimebuande og som har behov for pleie og tilsyn kan få tilbod om heimesjukepleie. Heimesjukepleien er døgnbasert, og det vil seia at det er vaktordning heile døgnet. Tenesta er gratis.
Kva heimesjukepleien kan gjere
Eksempel på oppgåver som heimesjukepleien kan hjelpa med er personleg hygiene, hjelp til medisinering, sårstell og tilsyn.
Korleis søkje
Behovet for heimesjukepleie kan meldast skriftleg eller munnleg til pleie- og omsorgsavdelinga. (lenkje til skjema)
Før søknad vert innvilga vil det bli gjennomført heimebesøk for å gjere ei vurdering av behovet.
Klage
Søkjar kan klage på vedtaket. Klagen skal sendast til Klageorganet i Tysnes kommune. Overordna klageorgan er Fylkesmannen i Hordaland.