Kommunestyra kan etter gjeldande kommunelov vera på minimum 11 representantar. Tysnes kommunestyre vedtok i 2002 at talet på representantar skal vera 21. Dette kan vurderast kvart 4. år. Dette må skje seinast året før valåret. Innbyggjartalet i Tysnes har over fleire år lege på ca. 2.900 - 2.800. Etter kommunelova skal som hovudregel møta i alle folkevalde organ haldast for opne dører. Saker som er underlagde lovbestemt teieplikt og personalsaker skal likevel alltid handsamast for lukka dører. Organet kan sjølv vedta at visse sakstyper skal gå for lukka dører. Dette kan blant anna vera aktuelt der omsynet til personvernet eller andre tungtvegande private eller offentlege interesser tilseier det.
Kommunelova fastset at møte som skal haldast for opne dører, skal gjerast kjende på ein "hensiktsmessig" måte. Vidare skal saklistene til slike møte og andre dokument som ikkje er unnatekne frå offentlighet, vera tilgjengelege for publikum.
Formannskapet har f.o.m. kommunestyreperioden 1999 - 2003 fått utvida arbeids- og ansvars-område:
Utvalet er formannskap, valstyre, skatteutval, plan-og økonomiutval og tiltaksnemnd. Utvalet skal generelt ha større mynde enn dei to andre faste utvala. Dette gjeld særleg innan overordna plan- og økonomistyring og på ein del sektorovergripande felt som næring, kultur og miljø. Utvalet er óg klageinstans for saker frå dei andre utvala.
Saklistene til dei ulike møta vil verta tilgjengelege på kommunen si nettside under "Møtekalendar" 5 dagar før møtedato. Møta vert haldne i rådhuset.