Har du helseplager eller blir utsett for helserisiko som knytter seg til forhold i omgivnadene, kan du melde frå om dette til kommunen. Kommunen kan undersøkje saka og eventuelt gje pålegg om konsekvensutgreiingar, retting, tvangsmulkt eller stans.
Plager kan til dømes knytte seg til
-
Inneklima i offentleg bygg
-
Støy
-
Luftforureining eller lukt
-
Skadedyr
-
Risiko for ulykker
-
Røyking
Styresmakter og publikum veit i dag mykje om kor viktig miljøet er for helsa, og om kva som kan føre til sjukdom og plager. Kommunen har eit ansvar for å drive førebyggjande arbeid og føre tilsyn med ulike miljøfaktorar og verksemder, slik som institusjonar, fabrikkar, serveringsstader og husdyrhald.