Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Matlevering

Matlevering er ei ordning der du får mat bringa heim til deg. Det er tilbod kommunen har for dei som har vanskar med å få laga middag til seg sjølv.

Tenesteomtale

Bur du heime og har problem med å få laga middag til deg sjølv, kan du få maten levert. Maten leverast i porsjonspakkar som kan bli varma opp i mikrobølgeomn eller panne. Du kan få levering heim til deg éin eller fleire dagar i veka.

Tysnes kommune leverer ferdig middag i porsjonspakkar, laga etter kok/ kjøl metode. Denne kan leverast til deg av frivillige, 2 dagar i veka. Du kan velje om sjølv kor mange dagar du vil ha avtale om (1- 7 dagar pr veke.)

Målgruppe

Eldre eller funksjonshemma som bur heime

Kriterium/vilkår

Sjukdom, alder eller andre årsaker gjer at du ikkje er i stand til å ta vare på ernæringsbehovet ditt.

Lover

Tenesta er ikkje lovpålagd. Matlevering kan bli gjeven for å dekkje eit hjelpebehov som gjev rett på tenesta. I slike tilfelle blir tenesta gjeven etter helse- og omsorgstenestelova. Sjå blant anna helse- og omsorgstenestelova § 3-2 

Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Kvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstjenestene
Forskrift om egenandel for helse- og omsorgstjenester

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om matlevering, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tenesta oppdatert: 03.12.2021 13:00