Individuell plan - eit individuelt tilpassa tenestetilbod
Dersom du mottek fleire typar helse- og omsorgstenester frå kommunen over lang tid, har du rett til å få desse tenestene på ein koordinert og tilpassa måte som passar behova dine. Tenestene skal samlast i ein individuell plan.
Tenesteomtale
Ein individuell plan skal sørgje for at det alltid er nokon som har ansvar for å koordinere og følgje opp tenestene du får. Koordinatoren skal sikre samarbeid mellom tenestene og framdrift i planen. Som mottakar av tenestene skal du få delta i arbeidet med individuell plan, dersom du ønskjer det.
Målgruppe
- Personar som mottar flere typer tenester over tid
- Personar som deltar i kvalifiseringsprogram i regi av Nav-kontor
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Har du behov for tenester både frå kommunen og frå spesialisthelsetenesta (staten), har desse plikt til å samarbeide om å utarbeide planen.
Lover
Spesialisthelsetjenesteloven
Barnevernsloven
Forskrift om individuell plan ved ytelse av velferdstjenester
Sosialtjenesteloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Psykisk helsevernloven
Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Du eller pårørande din kan ta initiativ til å få laga ein individuell plan, men hovudansvaret for utarbeidinga ligg i hjelpeapparatet. Det vil seie at kommunen skal finne ut kva helseteneste eller sosialteneste som skal ha koordineringsansvaret og som skal ta initiativ til samarbeid med dei andre tenestene.
Vedlegg
Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er nokon annan som søkjer for deg.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at det vil bli gjort eit vedtak.
Høve til å klage
Tenesta oppdatert: 27.01.2023 10:26