Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Gjødsling av skog - tilskott

Gjødsling av skog vil bidra til auka karbonopptak og er eit viktig klimatiltak. Skogeigarar kan få dekt inntil 50 % av kostnadene til gjødsling med nitrogengjødsel.

Tenesteomtale

Tilskott til gjødsling er eit produksjons- og kvalitetsfremjande tiltak. Ein kan få inntil 50 % tilskott til gjødsling.

Landbruksdirektoratet administrerer ordninga, men det er kommunen som behandlar søknad og fattar vedtak.
 
Søknad om tilskot til gjødsling av skog blir send inn etter at gjødslinga er utført og du har oversikt over kostnadene.

Målgruppe

Skogeigarar.

Kriterium/vilkår

Det blir stilt miljøkrav til korleis gjødslinga skal gå føre seg. Les dei nøyaktige krava i informasjonen til Landbruksdirektoratet.
 
Du må kunne kartfeste gjødslingsområdet.

Lover

Sjå § 4 i forskrift om miljøtiltak i skogbruket.

Forskrift om miljøtiltak mv. i skogbruket
Forvaltningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Gå til Skogfondssystemet via Altinn for å søkje tilskot. Her blir du bedd om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn.  
 
Hugs søknadsfristen 15. september.
 
Dersom du ikkje har høve til å søkje digitalt kan du bruke skjema Utbetaling frå skogfond og søknad om tilskot til grøfting og gjødsling (LDIR-910), for å sende søknad på e-post eller som brev.

Vedlegg

Nødvendig dokumentasjon skal følgje med søknaden om tilskot. Det er krav om kartfesting. Kopi av faktura for utført arbeid, kjøp av gjødsel m.m. er vedlegg som skal følgje med søknaden. 

Saksbehandling

Når kommunen har motteke søknaden, sjekkar dei opplysingane du har sendt inn. Dersom dei har behov for meir informasjon, kan dei be om dette.  
Kommunen behandlar søknaden og fattar vedtak.
Du får svar på søknaden i e-post eller i brev i posten. Dersom du har søkt digitalt, får du svar i din innboks i Altinn.

Saksbehandlingstid

Kommunen/statsforvaltaren skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når ein meiner at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er statsforvaltaren for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av statsforvaltaren. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Tenesta oppdatert: 06.03.2024 10:02