Faktura til Tysnes kommune må sendast elektronisk i EHF-format. Alle einingar under Tysnes kommune skal opprettast som kunde på vårt hovudorganisasjonsnummer, 959 412 340.
Forfall skal minimum vere 30 dagar om anna ikkje vert særskilt avtalt.
Faktura skal stilast til:
Tysnes kommune
Økonomikontoret
Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal
På faktura, i feltet for leveringsadresse, plasserer du den eininga som har bestilt varen/tenesta.
Vår bestillar sitt ressursnummer må leggjast til feltet «Dykkar ref» på faktura.
Elektroniske fakturaadresse: 959412340.