Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Eigedomsskatt - klage (overtakst) ved pålagd eigedomsskatt

Du kan klage over skattetaksten, som er den verdien huset/eigedommen er sett til.

Tenesteomtale

Å krevje overtakst vil seie at du klagar over skattetaksten. Skattetaksten er den verdien huset/eigedommen er sett til, og som dannar grunnlaget for utrekninga av eigedomsskatt. Skattetaksten skal setjast til den alminnelege omsetningsverdien for eigedommen.

Det er dei politiske organa i kommunen som avgjer om det skal innførast eigedomsskatt.

Målgruppe

Eigarar og brukarar av eigedommar som er ilagte eigedomsskatt

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Eigedomsskattelova § 3, § 8A-3 og § 19.

Eigedomsskattelova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Klagen skal vere skriftleg og leverast til eigedomsskattekontoret innan seks veker etter at skattelista er lagd ut.

Vedlegg


Saksbehandling

Klagenemnda til kommunen behandlar klage over skattetakst.

Saksbehandlingstid


Høve til å klage


Tenesta oppdatert: 25.02.2021 14:25