Tysnes kommune har inngått eit samarbeid med IKT Nordhordland (IKTNH) som totalleverandør av IT-tenester. I den samanheng skal det gjerast eit omfattande omleggingsarbeid på nettverk og system i veke 6. Dette arbeidet vil påverka våre tenester då me vil oppleva noko nedetid på ulike tider i løpet av veka. Som innbyggar kan du oppleva lengre sakshandsamingstid.
Omlegginga vil påverka slik:
• dei fleste fagsystema får nedetid
• legekontoret tek ikkje imot pasientar til vanlege konsultasjonar tysdag 4. og onsdag 5.februar. Pasientar som treng akutt hjelp (ØH) blir prioritert
• post- og innsynstenester får lengre handsamingstid.