Tysnes kommune skal ta i mot 20 flyktningar i samband med auka tal på flyktningar grunna krigen i Ukraina.

 

Bustad til flyktningane

Har du ledig bustad som du ønskjer å stille til disposisjon, kan du melde frå til Tysnes kommune på e-post: post@tysnes.kommune.no

Dette bør være sjølvstendige bueiningar med eigen inngang, eiget bad og med høve til å lage mat. Me treng bustadar som passer til einslige og til familiar.

 

Har du meldt om bustad til kommunen

Tysnes kommune vil gje tilbakemelding til alle som har tatt kontakt.

 

Kan du ukrainsk eller russisk

Kan du ukrainsk og/eller russisk, og ønskjer å bistå kommunen med din språk-kompetanse? Ta kontakt på post@tysnes.kommune.no eller med NAV-leiar Camilla Tranøy Forth, tlf: 976 92 22

 

Regional samlingsplass for flyktningar

Stord kommune saman med Norsk folkehjelp ønskjer å legge til rette for ein regional samlingsplass for personar i sunnhordlandsregionen som kjem frå Ukraina, sjå meir her: informasjon frå Stord kommune om samlingsplass for Ukrainara

 

Meir informasjon

Informasjon frå IMDI på ukrainsk, russisk og engelsk

Informasjon frå UDI om krisen i Ukraina

Informasjon frå Helsenorge.no om helsehjelp for flyktningar i Noreg

Informasjon frå IMDi

 

Saksframlegg frå Formannskapet

 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med NAV-leiar Camilla Tranøy Forth, tlf: 976 92 224

 

Anna

Busetjing i kommunane

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) har, i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund (KS), ansvar for kva kommunar som vert førespurt om å busetja flyktningar. På regionalt nivå er det IMDI Vest og KS som har dette ansvaret. Busetjing i kommunar vert vurdert ut frå folketal, statistikk om ønskje frå flyktningar, arbeidsmarknaden og IMDI sin strategi for busetjing. Tysnes kommune har sidan 2001 ikkje fått førespurnad om å busetja flyktningar.

 

Nasjonalt introduksjonsregister

Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) gjev oversikt over rettar og plikter til kvar einskild flyktning og innvandrar i kommunen. Registeret skal nyttast til å registrera og rapportera om norskopplæring på individnivå i kommunane. IMDI har hovudansvaret for det nasjonale registeret, medan kommunane har ansvar for innrapportering av eigne deltakarar.

 

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar

Rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap vart lovfesta frå 2005. Det er opphaldsgrunnlag og alder som avgjer rettar og plikter. Vaksne innvandrarar med opphaldsløyve som gjev grunnlag for busetjing, har rett og plikt til å gjennomføra 600 timar opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

 

Introduksjonsprogram

Alle kommunar som buset flyktningar har plikt til å tilby introduksjonsprogram (Introduksjonslova). Det er obligatorisk for flyktningar å delta i programmet. Introduksjonsprogrammet kombinerer skule med språk- og samfunnslære, med arbeidstrening og kursing t.d. i samarbeid med NAV. Eit introduksjonsprogram varer normalt inntil 2 år, skal vera heilårleg og på full tid. Dei som deltek har krav på introduksjonsstønad. Stønaden utgjer to gonger folketrygden sitt grunnbeløp (G) på årsbasis.