Vassparetiltak i Våge

Fyllingsgraden i magasina er etter siste dagars nedbør no tilfredsstillande.  Tysnes kommune opphevar difor vassparetiltak også for Tysnesbygda frå og med i dag 12.07.23.

Tysnes kommune minnar likevel om gode råd for vass-sparing generelt:

 

Spar på vatnet

Å spare på det verdifulle vatnet er generelt sett eit godt råd. Ekstra viktig er det i tørkeperiodar med lite nedbør og kor det er stor fare for skog- og lyngbrannar. 

Fleire kommunar, også her på Tysnes, og vassverka våre, opplever no at det er krevjande å sikre nok vatn til dei viktigaste tinga i liva våre – som til drikke, matlaging, personleg hygiene, toalettspyling og reinhald.
 

1000 liter i timen

Ein hageslange kan bruke så mykje som 1000 liter vatn i timen. Det tilsvarer døgnforbruket til ein husstand med 6 personar.

Når mange bruker mykje vatn samtidig utfordrar det kapasiteten på leidningsnettet som frakter vatnet frå vassverka og ut til bustadar, fritidsbustadar, samfunnsinstitusjonar og næringsliv. Så sjølv om vasskjelda har mykje vatn, kan det bli lite vatn og lavt trykk ute i leidningsnettet om mange vatnar plen eller blomar ved hjelp av hageslangen eller vasspreiaren på same tid. Og skulle det då oppstå brann i nabolaget kan brannvesenet rett og slett få for lite vatn til sløkkingsarbeidet. 

Av den grunn må me i Tysnes kommune gå ut med vatningsforbod for abonnentar som får vatn frå vassverka i Uggdal og Våge. 
 

Gode råd om hagevatning

  • Pass på at kranar ute ikkje lek.
  • Prioriter planter og blomar framføre plen.
  • Ta vare på regnvatnet f.eks.i ei tønne og bruk det i hagen.  Led takvatnet ut til planter og blomebed.
  • Vatn om kvelden så unngår du at vatnet fordamper før hagen får nytte av det
  • Plenen tåler litt tørke. Ikkje klipp plenen for kort i tørre periodar

Sjå informasjon og råd om vanning - pdf