Desse tenestene kan du kommunisere digitalt med:

  • Psykisk helse for vaksne
  • Penester for personar med funksjonshemming (Vågsmarka Bufellesskap og Haugen Bufelleskap)

Fordelar for brukar og pårørande

  • Enklare å sende spørsmål og beskjedar – du treng ikkje vente på at nokon skal ta telefonen, og kan skrive melding når det passar deg. Dialogen blir ikkje sletta, men blir bevart på Helsenorge.no 
  • Eit verktøy for å styrke medverknad. 
  • Bidrar til forutsigbarhet og oversikt. 
  • Enklare for pårørande å involvere seg – også når dei bur langt vekke (dette forutset fullmakt). 
  • Sikker kanal for informasjonsutveksling, i motsetnad til for eksempel e-post.

Føresetnad for å komme i gong

  • Du må motta helse- og omsorgsteneste frå Tysnes kommune. 
  • Tenesta du mottar må ha opna for digital kommunikasjon (fleire blir kopla på fortløpande). 
  • Du må være digitalt aktiv på helsenorge.no

Korleis komme i gong? 

  • Du kan bruke PC, nettbrett eller mobil.
  • Logg inn på helsenorge.no
  • Av omsyn til sikkerheita må du bruke bank-ID eller tilsvarande identifikasjon når du loggar på.
  • Du må samtykkje til bruksvilkåra for helsenorge.no og til «dialogtenester og personleg helsearkiv». Du blir rettleia til å gjere dette når du loggar på. Har du allereie vore pålogga på helsenorge.no kan det vere du allereie har gjort dette.
  • Frå du samtykkjer til bruksvilkåra vil det ta ein dag før du kan bruke det nye tilbodet på helsenorge.no. Dette er fordi helsenorge.no og kommunen sitt fagsystem snakkar saman om natta og då set opp forbindelsen. 

Fullmakt til pårørande

  • Det er mogleg å gje andre fullmakt til å bruke helsenorge.no på dine vegne.
  • Den du gir fullmakt kan sjå dine opplysningar, dine avtalar om heimebesøk, og sende eller svara på meldingar på vegne av deg. 
  • Å gje fullmakt kan du gjere digitalt på helsenorge.no 
  • Du bestemmer sjølv kven du ønskjer å gje fullmakt til. Dei må vere registrert i Folkeregisteret og vere over 18 år. 
  • Det er ingen avgrensing i talet på personar du kan gje fullmakt til. 

Manglar du elektronisk ID? 
Du kan gje fullmakt til pårørande også om du ikkje har elektronisk ID

Informasjon til pårørande til innbyggjarar som manglar samtykkekompetanse: 
Det er laga ei manuell rutine for å gje fullmakt for personar som sjølv ikkje har samtykkekompetans 
 

Korleis fungerer det

Meldingar

Inne på helsenorge.no klikkar du på Innboks og deretter Skriv ny melding og vel Mottakar. Mottakar vil vere tenesten i kommunen. Du kan ikkje sende melding til en bestemt tilsett. Meldingar sendt til tenesten blir fordelt til ein med oppfølgingsansvar for deg. Det er ikkje mogleg å sende meldingar til tenester du ikkje mottar. Meldingane frå deg blir kun lest av tilsette som har lov til å sjå opplysningar om deg. 
Når du får ei melding vil du motta sms/e-postvarsel om dette avhengig av innstillingane dine på helsenorge.no 
 

Avtalar

Du ser dine avtalar om heimebesøk under «Timeavtalar». Her vil du finne ein kalendervisning med alle avtalane dine med kommunen. Dei vil ha ulik status; 

  • Blå er planlagde avtalar 
  • Grøn er tildelte avtalar 
  • Raud er avlyste avtalar 
  • Kvit er utførte avtalar. Tidspunkt blir vist når oppgåva er registrert i kommunen sitt fagsystem. 

 
Dersom du av ein eller annan grunn ikkje ønskjer at ein avtale/eit besøk skal gjennomførast kan du avbestille det her. Du trenger då ikkje å ringe til kommunen for å gje beskjed. For å avbestille opnar du avtalen og klikkar «Avbestill». Du må bestemme om avbestillinga skal gjelde ein enkeltavtale eller ein periode. For periode legge du inn ein start- og sluttdato og klokkeslett.  
 
Les meir om digital dialog på helsenorge.no