Skulehelseteneste

Tenesteomtale

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som er skuleelev og under 20 år. Du kan få råd og rettleiing og få utførte helseundersøkingar og vaksinasjonar. Ved behov kan du bli vist vidare til fastlege, tannlege eller spesialist. 
 
Skulehelsetenesta kan gi råd om fysisk, psykisk og seksuell helse, og jobbar for å styrkje skuleelevane si meistring av kvardagen.
 
Skulehelsetenesta kan halde kurs og delta på foreldremøte og kan i nokre tilfelle kome på heimegjesting.
 
Som skuleelev kan du fritt bruke skulehelsetenesta når du treng å snakke med ein vaksen om noko som er vanskeleg. 

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-1 og forskrift om helsestasjons- og skulehelsetenesta § 6.

Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler
Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Helsepersonelloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Høve til å klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva du ønskjer endra.

Tjenesten oppdatert: 05.11.2018 15:13