Tenestetilbodet blir som før

SIM vil halda fram med å levera tenestene som før. Hovudforskjellen er at no skal all kommunikasjon knytt til renovasjon og slam gå direkte til SIM. 

Betaling - ny eFaktura og ny faktureringsperiode

Faktura for tenestene vil bli sendt frå SIM på vegne av Tysnes kommune.  SIM vil fakturere annankvar månad ikkje kvar 3 månad slik Tysnes kommune har gjort.

For å sikre at du mottar eFaktura, er det viktig at du aktiverer "Ja takk til alle" i din nettbank eller mobil betalingsapp, som for eksempel Vipps eller mobilbanken din. Dette gjer du ved å velja alternativet «ja takk til alle» i eFaktura-innstillingane.

Avtaler som er gjort med kommunen vil ikkje bli vidareført til SIM. Det er difor naudsynt å oppretta ny AvtaleGiro med SIM. Ynskjer du detaljert oversikt over fakturaen, så må ein opprette AvtaleGiro i kombinasjon med eFaktura, eller logge inn på MittSIM å finne informasjonen der.  

Kontakt SIM

Har du spørsmål om faktura, fritak eller anna som gjeld renovasjon eller slam. Ta gjerne kontakt med SIM: 

Epost: sim@sim.as

Telefon: 53 45 78 50

MittSIM: Di eiga side der du får informasjon om kva abonnement du har, du kan gjera endringar i abonnementet ditt m.m. Du loggar inn med bank id via www.sim.as (Det er fakturamottakar hjå SIM som får tilgang til sida).

Vedteke av kommunestyre

Tysnes kommunestyre har vedteke at forvaltning og faktureringa av dei kommunale tenestene innan renovasjon og tømming av slam vil bli handtert av Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) på vegne av Tysnes kommune.