Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen eller ved ordinær førehandsrøysting, kan du tidlegrøyste.

Du kan avgje tidlegrøyst i rådhuset frå 3.juli til og med 9.august, i ordinær opningstid.

Det er best om du tek kontakt på førehand for å avtale tid for tidlegrøysting.

Ta kontakt på telefon 53 43 70 00 mandag-fredag mellom kl. 10.00-14.00 eller send ein e-post til post@tysnes.kommune.no for å avtale tid.

 

 

  • Valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 er måndag 11.september.
  • Førehandsrøysting er frå torsdag 10.august til og med fredag 08.september 2023