Tysnes kommunestyre skal i kommunestyremøte 20. juni velja meddommarar til Gulating lagmannsrett, Haugaland og Sunnhordland tingrett og Haugaland og Sunnhordland jordskifterett for perioden 01.01.25 – 31.12.2028.

Meddomarar er vanlege innbyggjarar som er med på å ta avgjerder i rettsaker. Som meddomar kan du rekna med å gjera teneste to gonger i året.

Dei fleste rettsaker varer frå ein til tre dagar – enkelte saker kan vare lengre.

Allsidig samansetning

Vervet er ei samfunnsplikt, og vanlegvis får ein fri frå arbeid for å utføra dette. Dersom ein taper arbeidsinntekt, vert det gjeve ei godtgjersle for dette.

Vervet som meddomar i Haugaland og Sunnhordland Tingrett, Gulating lagmannsrett og Haugaland og Sunnhordland jordskifterett innebærer at du er ein av fleire meddommarar som skal døma saman med juridiske fagdommarar. Utvalet skal bestå av like mange kvinner som menn, og dei skal ha ein allsidig samansetning slik at dei best mulig representerer alle delar av befolkninga.

Kven kan bli meddomar

  • Du må vera folkeregistrert i Tysnes kommune
  • Du må vera over 21 år og under 70 år når  valperioden starter opp: 01.01.25
  • Du må snakka og forstå norsk 
  • Du må ha alminnelig god digital kompetanse
  • Du må ikkje vera straffedømt

Du treng ingen juridisk bakgrunn eller andre kvalifikasjoner for vervet.

Korleis bli meddommar

Send inn e-post med følgjande opplysningar: Fullt namn, adresse, fødselsdato, telefonnummer, yrke og stilling.

Her finn du meir informasjon om det å vera meddommar:
Meddommar (domstol.no)

Det er kommunestyret som til slutt vedtar kven som skal bli meddommarar. Det vert gjort i møte i juni 2024.