Formannskapet vedtok i møte 05.02.14 å leggja framlegg til reguleringsplan for Svarvahella, del av gnr.75 bnr.3 m.fl., ut til offentleg ettersyn.
Føremålet med planen er i hovudsak å tilretteleggja for vidare utbygging av eksisterande hytteområde. Planområdet omfattar område som i kommuneplanen er avsett til fritidsføremål.
Merknader til ovannemnde planarbeid kan sendast til Tysnes kommune, landbruk- og teknisk etat, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal, innan 10.06.15.