MØTE I TYSNES UNGDOMSRÅD
Onsdag 17.11.21, 14:00-15:45
Tysnes skule, Våge

 

Tilstade:
Tora Nødland Austvik 
Alma Vermedal 
Anna Olea Fjeldet Sunde 
Stine Erstad 
Hanne Sofie Brandvik 
Sander Thunold 
Hans Torbjørn Lygre Kongsvik 
Milena Titoka 
Kulturkonsulent Synnøve Bakke 
Ordførar Kåre Martin Kleppe 

Forfall:
Anna Haaland Haugsgjerd 
Iselinn Thunold 
Lars Kristoffer Meidell Alsaker 

Gjester: Kommunepsykolog Susanna Heggland 

1. Leiaren Alma Vermedal ynskja alle velkommen

2. Inkallinga blei godkjent

3. Referatet fra førre møte blei godkjent

4. Dagsorden blei litt endra fordi ordførar Kåre Martin Kleppe måtte gå litt tidlegare

5. Informasjon om prosjektet "Systematisk identifikasjon"

Tidlegare har ungdomsrådet vert på eit møte angåande "Systematisk identifikasjon av sårbare barn og unge". På den tida hadde dei berre begynt med dette prosjektet, og me kom med innspel til korleis me kan leggje merke til sårbare barn og unge og korleis me kan følgje dei opp. Mange av våre innspel hjalp dei veldig og dei har tatt innspela med seg vidare.

No har det gått nesten eitt år sidan dei byrja med prosjektet, og Susanna Heggland fortalde litt om korleis det har gått fram til no. Ho sa mellom anna at det var eit sitat fra Ungsomsrådet ho likte veldig godt, som dei har tatt med seg vidare: "Hald meg fast! Ikkje send meg vidare til nokon andre".

Ho sa også at våre innspel er veldig viktig for dei, og her er også nokre innspel fra Ungdomsrådet:

-Vaksne, lærarar og andre bør snakka meir om rus, vald, overgrep og psykisk helse, for no har det blitt snakka mykje om mobbing, men om desse tinga blir det ikkje snakka ofta om.

-At lærarar og assistentar bør også kunna snakka med elevar som har det vanskeleg og ikkje berre sende dei til helsesøster eller psykolog, fordi det kan henda at barnet/ungdommen ikkje vil snakka med nokon andre enn læraren/assistenten.

-At treffstaden skal vere open litt tidlegare, og det prøver dei på no. Treffstaden skal no kanskje vere open to gangar i veka i staden for ein. I tillegg har dei no fått ein psykolog på Treffstaden, May Siren Birkeland Holme.

Dette prosjektet har vert sidan desember 2020 og skal vara til desember 2022. Dei har veldig lyst å halda på enda meir, så etterpå skal dei søkja om midlar til å fortsetja lenger. Målgruppa for dette prosjektet er sårbare barn og unge og målet er å oppfølgja dei.

Susanna Heggland snakka også om BTI-modellen og kva det er for noko. BTI-modellen (Betre Tverrfagleg Innsats) er ein samhandlingsmodell mellom mange ulike kommuner som skal bidra til at barn og unge får det bra. Dersom ein vaksen (lærar, idrettstrenar osv) ser at eit barn er litt aleina, kommer sjeldan på skulen, eller anna, bør ikkje den som er vaksen halde det inni seg men gå og snakka med nokon om det. Det kan for eksempel vere ein psykolog, foresatte til barnet eller andre som den stolar på, slik at det går an å gjere noko med det.

Det finst 4 nivå av denne BTI-modellen.

På nivå 0 skal ein leggje merke til barnet, snakka med nokon andre om det og snakka saman med barnet og andre vaksne. Etterpå blir det vurdert om saka til barnet skal bli tatt lenger eller om det berre var ein liten periode da barnet følte seg litt dårleg. Dersom det er seriøst, går dei over til nivå 1. Da blir målet og innsatsen beskrevet. På nivå 2 blir innsatsen gjennomført, og på nivå 3 blir innsatsen koordinert, gjennomført og evaluert.

Dersom me på Tysnes skal få ei slik nettside om denne modellen, bør me presentera modellen for foresatte, lærarar, trenarar osv.

Nokre innspel fra Ungdomsrådet angåande "Systematisk identifikasjon...":

-På Treffstaden er det helsesjukepleiar og psykolog som er open fra omlag kl 14 til olmag kl 17. Leiar av Ungdomsrådet, Alma Vermedal, meinte at det var litt dumt med desse tidene, fordi nokre unge kan blir redd eller flau av å gå inn til helsesjukepleiar og psykolog når andre barn er på Treffstaden.

-Me såg på nokre filmar fra ulike kommunar som handla om BTI. Me tenkte kanskje me kunne laga ein slik film også.

Det er veldig viktig å leggja merke til sårbare barn og unge og følgja dei opp. Det er veldig viktig å snakka med ein vaksen dersom det er noko viktig ein må fortelja eller om det er nokon andre me ser ikkje føler seg så bra. Me må aldri gå med ein dårleg følelse i magen dersom me har mistanke på at nokon ikkje har det bra.

6. Nærskulepoeng
Ungdomsrådet har arbeida mykje med å få flytta nærskulepoenga, og det har me kanskje lukkast med. 23. november får me vite om ungdommar på Tysnes får nærskulepoeng i Stor-Bergen også.

7. Referat, skriv, meldingar
Nettverkssamling:
Det har blitt avtalt at leiar, Alma Vermedal, og sekretær, Milena Titoka, skal dra på Nettverkssamling i Vestland fylke den 20.11-21.11 på Flesland, Bergen.

Godtjerelse for møter i Ungdomsrådet:
No har det blitt bestemt at alle medlemmar av Ungdomsrådet får utbetalt 445 NOK for kvart møte dei er og har vert på fra 1. januar 2021.

8. LAN
Det skal vere LAN i Tysnes hallen laurdag den 27.november fra 10:00-22:00. Frivilligsentralen ynskjer fleire frivillige til å arbeida der den dagen og nokre som kan rigga til fredag den 26.november.

Kontaktperson: Trine Lise Aasen
Tlf: 98656074

9. Oppdatering fra konferansen i Kristiansand
Nestleiar, Tora Nødland Austvik, og leiar, Alma Vermedal, oppdaterte oss om kva dei hadde høyrd og lært fra konferansen i Kristiansand. Dei sa mellom anna at dei var på fire ulike seminarar:

•Lobby: Snakka om korleis dei skal bruka medier på ein positiv måte.
•Stopp hatet: Kva som er mobbing på sosiale medier.
•Medvirkning i skulen: Korleis Ungdomsrådet og elevrådet kan bli flinkare til å jobba i lag og korleid dei kan gå saman. Dette meinte mange fra Ungdomsrådet me på Tysnes bør bli meir flinke på, fordi her er ikkje elevrådet vårt så seriøst som andre stadar.
•Fra ide til prosjekt: Korleis ein skal leggje opp og laga eit prosjekt/ide.

Jentene blei veldig inspirert av mange andre Ungdomsråd fra denne konferansen og fekk mange nyttige og hjelpsame råd.

10. Møter og kontakt med andre Ungdomsråd
Fra konferansemøtet i Kristiansand har me fått god kontakt med Fitjar og Haugesund Ungdomsråd, og vil ha eit møte saman med dei, men det må mest sansynleg vere etter jul.

11. Oppdatering fra Halloween festen
Dette er noko me vil ha til neste år også, men kanskje to festar. Ein for ungdomsskule og ei for vgs. Dette må vi sjå nærare på neste år.

12. Heilagsmøter
Fra no av skal me byrja med heildagsmøter i Ungdomsrådet noko gangar. Det vil sei at me skal vere på eit møte i fleire timar, og det som er positivt med slike møter er at:

-Me fåe utdjupa oss meir i saker i staden for å berre presentera dei.
-Me får meir samarbeid i Ungdomsrådet,  for me skal arbeida mykje i grupper.

Desse heildagsmøtene vil vere i Kommunehuset, nokre kan vere i helga, andre i jobbdagar.

13. Ymse
•Synnøve Bakke forklarte oss og gjekk gjennom korleis kommune er bygd opp.
•Tora Nødland Austvik vil at me skal snakka om ein artikkel som handla om at telefon på skulen kan vere tryggheita for nokre barn og unge.

14. Neste møte
Neste møte blir eit heildagsmøte og skal vere den 13. desember 2021, fra kl 08:30-15:00 i Kommunehuset på Uggdal.

Milena Titoka
skrivar