Den 06.12.2022 gjorde Kartverket i namnesak 2015/14 vedtak om skrivemåte av fleire stadnamn i Tysnes kommune.
Erling Gurvin har reist namnesak for eitt namn med avleiingar:
- Vee/Ve (gnr. 89 og 90) - det er no vedteke Ve
Tysnes Kommune har reist namnesak for eitt namn med avleiingar:
- Skiparvik/Skipavika (gnr. 103) - det er no vedteke Skipavik
- Skiparvika/Skipavika (vik) - det er no vedteke Skipaviksvågen/Skipavika
Kartverket har reist namnesak for nokre naturnamn og gards- og bruksnamn som òg har vorte
aktuelle i samband med adresseringsarbeidet i Tysnes kommune, m.a. namn som ender på
- -øyna/-øyna/-øyo/-øy. Skrivemåten av etterlekken er no vedteke til -øy
- Bårdsund
- Natavik
- Dalsgård
- Hope
- Hopssund
Sjå vedlegg for fullstendig namneliste med alle avleidde namn og alle vedteke skrivemåtar som ligg inne i Sentralt Stadnamnregister (SSR).
Bakgrunn for saka, grunngiving og lovheimel kjem fram av vedtaket og namnelista.
Kunngjering
Kommunen skal syta for at vedtaket vert gjort kjent for dei partane i kommune som har klagerett etter § 12 fyrste ledd i lova. Når vedtaket gjeld skrivemåten av bruksnamn, skal kommunen senda melding om vedtaket direkte til eigarane av bruket.
Bruken av vedtekne skrivemåtar
Me presiserer at lov om stadnamn regulerer offentleg bruk av stadnamn. Privatpersonar og bedrifter som ikkje er heileigde av det offentlege, er difor ikkje pålagde å fylgja vedtekne skrivemåtar.
Når det same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten i primærfunksjonen som hovudregel vera retningsgjevande for skrivemåten i dei andre funksjonane. Dersom dette vedtaket vert ståande utan at det vert påklaga, legg Kartverket difor til grunn at kommunen vedtek same skrivemåten i ev. adressenamn og adressetilleggsnamn der namnet vert nytta.
Det må difor fattes nytt vedtak om adressenamn som har samanheng med stadnamn som er handsama i denne saka.
Klage
Vedtak om skrivemåten kan etter § 12 i lov om stadnamn påklagast av dei som etter § 6 bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn.
a. eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd
b. eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom
c. ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn
Klagefristen er tre veker frå meldinga om vedtaket er komen fram til mottakaren, jf. § 9 i forskrift om stadnamn. Dersom meldinga skjer med offentleg kunngjering, tek klagefristen til frå den dagen vedtaket vert kunngjort fyrste gongen. Dei som har klagerett, har rett til å sjå saksdokumenta, som er arkiverte hjå vedtaksorganet. Det er høve til å søkja om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjord.
Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket med kopi til kommune innan 15.05.2023. Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtala alle namn eller namneledd klaga gjeld.
Når ein tek opp ei klagesak, gjeld dei same sakshandsamingsreglane som for namnesaker elles. Dersom vedtaket vert oppretthalde, sender Kartverket saka vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker for endeleg avgjerd.