Noko for deg?
Følelsane våre er vanlegvis gode rettleiarar som kan hjelpe oss å handla lurt og raskt i ein situasjon, men nokre gonger kan me bli redde sjølv om situasjonen ikkje er farlig.
- Engstelsen kan bli så plagsam at den går ut over trivselen.
- Me kan komme inn i eit mønster der me unngår situasjonar.
- Me får ikkje lenger til å gjere ting så bra som me ynskjer.
Dersom du kjenner deg igjen i noko av dette kan dette mestringskurset være noko for deg!
Meistringskurs
Mestringskurset er for elevar som går på mellomtrinnet i kommunen. Kurset vil finne stad på Tysnes skule, rett etter skuletid på fredagar (ferdig slik at det korresponderer med buss). Varer over 10 gongar med oppstart i februar. Kurset er manualbasert og vert driven av terapeutar som gjennomgår sertifisering. Programmet er basert på kognitiv åtferdsterapi.
På kurset kan du saman med andre på din alder lære å
- bli meir trygg i situasjonar der du er overdriven redd
- skilje mellom frykt som hjelper deg og frykt som skaper trøbbel
- tenke på måtar som gjer deg meir sjølvsikker
- trene systematisk på å takle situasjonar du ynskjer å meistre
Elevar frå Onarheim skule som ikkje har høve til å delta i gruppe grunna transport vil kunne få individuelt tilbod. For meir informasjon og spørsmål om kursdeltakelse ta kontakt med kurshaldarar:
Betsy Nikolaisen
Psykisk helsearbeidar barn og unge
Betsy.H.Nikolaisen@tysnes.kommune.no
Susanna Heggland
Kommunepsykolog
susanna.heggland@tysnes.kommune.no