Barneverntenesta har som oppgåve å ta vare på dei mest utsette borna i kommunen. Ho skal verna born mot omsorgssvikt og motverka at borna lir fysisk og psykisk overlast. Blir barnevernet kjent med slike tilhøve, har det ei lovbestemt plikt til straks å undersøkja korleis barnet har det, og om nødvendig setja i verk tiltak. Barnevernet sitt arbeid er ei blanding av støtte og kontroll. Det skal gjevast hjelp og støtte for at heimen skal kunne makta sitt oppdragaransvar, men barnevernet har også plikt til å gripa inn dersom dette ikkje nyttar.

Barnevernsmeldingar

Mange barnevernsaker startar ved at foreldra sjølve tek kontakt. Også offentlege tenestemenn, naboar, familiar og andre kan melda frå til barnevernet dersom dei er bekymra for eit barn. Barnevernet har eigne skjema for meldingar. Privatpersonar kan be om anonymitet, men dei kan ikkje fritakast for vitneplikt dersom saka skal behandlast i Fylkesnemnda eller i domstolane. Alle meldingar blir vurderte innan ei veke, og dersom det er grunn til det, blir dei undersøkt nærare for så å bli vurdert i høve til eventuelle hjelpetiltak.

Hjelpetiltak

Barnevernet vurderer først om det er mogeleg å gje hjelp til barnet og familien slik at dei kan fungera betre i heimesituasjonen. Som førebyggjande hjelpetiltak brukar ein råd/rettleiing, tilsynsførar, avlasting/besøksheim, plass i barnehage/skulefritidsordning, støttekontakt, økonomisk støtte til barnet slik at det kan delta i fritidsaktivitetar o.l. Plassering utanfor heimen blir først vurdert dersom friviljuge hjelpetiltak ikkje fører fram eller vert vurdert som nyttelause. Barneverntenesta samarbeider med fylkeskommunen om å finna eigna fosterheimar og institusjonsplassar. Når det gjeld avlastning-/besøksheim og støttekontaktar ønskjer barnevernet å koma i kontakt med familiar som er interessert i å hjelpa barn som har behov for det.

Teieplikt

Alle som arbeider i barnevernstenesta har teieplikt. Teieplikta omfattar også fødestad, fødselsdato, personnummer, adresse, statsborgarskap, sivil status og arbeidsstad

Heimel

Meir om barnevernet sitt ansvar og arbeidsoppgåver finn ein i barnevernsloven. Sjå lenkje til høgre.

Klage

Dei som er partar i saka, har klagerett og søksmålsrett. Alle vedtak som vert fatta av barneverntenesta i kommunen, kan klagast til fylkesmannen. Fristen for klage er 3 veker. Vedtak som vert fatta av fylkesnemnda kan bringast inn for tingretten til rettslig overprøving. Fristen for å bringa saka inn for retten er 2 månader.