For å kunne utøva mynde og gje deg tilbod om gode tenester, må me ofte handsama opplysningar om deg elektronisk eller i eit register. I denne fråsegna skildrar me korleis me handterer dine personopplysningar; mellom anna kva som er føremålet med bruk av slike opplysingar og kva rettar du har.  Personopplysingar er all informasjon eller vurderingar som kan vert knytt til deg som einskildperson.  All handsaming av personopplysingar er regulert av personopplysningslova og personvernforordninga. Dette regelverket skal ivareta ditt personvern gjennom å stilla krav til korleis slike opplysingar skal verta handsama.

Rådmannen er behandlingsansvarlig for kommunen si handtering av personopplysingar. Den daglege oppfølginga er delegert til tenesteleiar for det aktuelle fagområde der personopplysinga vert handtert.

Grunnprinsipp

Me har fleire grunnleggjande prinsipp for korleis me skal handtera personopplysingane dine.

  • Personopplysingar skal handterast lovleg, rettvist, korrekt og med openheit.

  • Personopplysingar skal handterast konfidensielt/hemmeleg.

  • Personopplysingar skal vera verna mot utilsikta endringar.

  • Personopplysingar skal vera tilgjengelege og opne for innsyn for den opplysingane gjeld.

  • Personopplysingar skal vera samla inn til bestemte føremål og nyttast i samsvar med desse føremåla.

  • Personopplysingar skal lagrast så lenge det er naudsynt eller pålagt

  • Personopplysingar skal vera korrekte.

Forslag til vidare lesing: personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 5

Føremål

Føremål med innhenting, oppbevaring og bruk av personopplysingar er å gje deg tilbod om offentlege tenester eller utføra lovpålagte oppgåver.

Kva er grunnlaget for at me kan nytta personopplysningane dine?

Personopplysningar blir i all hovudsak nytta i kommunale tenester og i kommunal forvaltning. Dette kan til dømes vera ved legebesøk, i samband med tenester frå NAV, skule, barnehage og andre områder der det er naudsynt å nytta personopplysingar.

For at me skal kunna ha opplysingar om deg må me ha eit rettsleg grunnlag, eller eit aktivt samtykke frå deg. Eit døme på opplysingar som vert registrert med heimel i lov er at kommunen etter arkivlova har plikt til å registrera og oppbevara alle dokument som vert sendt til kommunen, dette følgjer av arkivlova. I slike høve er moglegheita til å krevja endring, eller sletting av opplysingar avgrensa. Du vil likevel ha rett til å få innsyn i føremål med handsaminga og vår lovgrunnlag for å oppbevare og handtera desse opplysingane.

 

Dersom vårt grunnlag for å henta inn opplysingar er knytt til samtykke frå deg så kan du når som helst trekkja samtykke til vår handtering tilbake.

Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 6 – 11 og 21 gir utfyllande informasjon.

Rett til personvern og teieplikt

Alle som utfører tenester for eit forvaltningsorgan (einingar, avdelingar, kontor og andre som førebur saker og gjer vedtak), har plikt til å hindra at andre får tilgang eller kunnskap om «noens personlige forhold». Det gjeld også andre opplysingar som skal handsamast hemmeleg av omsyn til den opplysninga gjeld.

Den generelle regel for teieplikt i forvaltninga finn me i forvaltningslova § 13. Innanfor einskilde fagområder kan det gjennom særlov vera skjerpa krav til teieplikt. Brot på teieplikt kan straffeforfølgjast med heimel i straffelova eller i særlov slik som til dømes helsepersonellova. Teieplikta gjeld også etter at den som utfører tenester for eit forvaltningsorgan har avslutta si teneste.

Innsyn

Du har rett til innsyn i dei opplysingane som me har, og handterer om deg.

For å få innsyn kan du ta kontakt med den avdelinga der personopplysningane er samla inn, eller den aktuelle tenesta eller den eining/avdeling som handterer opplysingane. Du kan be om få en kopi av opplysingane som er registrert.

Du kan lese meir om dette i Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 15.

Rett til å få korrigert personopplysningar som er feil

Dersom våre opplysingar om deg ikkje er korrekte, har du også rett til å få korrigert desse. Dette gjeld også i dei tilfella der opplysingane ikkje er fullstendige.

Framgangsmåten er den same som for innsyn.

personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 16 har nærare reglar for dette.

Rett til å avgrense handsaming

I visse tilfelle kan du krevja at handsaminga av personopplysningane dine blir avgrensa. Dette kan til dømes vera aktuelt om du meiner at personopplysingane ikkje er korrekte og det vil ta tid å få gjort ei vurdering av dette.

Du kan då kontakta tenesta eller den aktuelle eining/avdeling.

Du kan lesa meir om dette i personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 18.

Overføring av personopplysningar

For einskilde handsamingar kan du ha rett til det som vert kalla dataportabilitet. Det vil sei at du kan krevja å få overført personopplysingane frå oss til nokon andre. Denne retten har likevel fleire unntak.

Reglar om dette er å finna i personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 20.

Rett til å få sletta personopplysningar

Du kan ha rett til å få sletta opplysingar om deg sjølv. Denne retten har likevel også unntak. Retten gjeld til dømes ikkje for opplysingar som er arkivpliktige eller er naudsynte for å kunne fremja og ivareta rettskrav.

Du kan lesa meir om dette i personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 17 og arkivregelverket.

Kven deler me dine personopplysningar med?

Ved einskilde høve vert dine personopplysningar formidla til andre. Det kan vera samarbeidsorgan slik som til dømes Husbanken, eller andre som me har plikt til å gje informasjon til. Det kan også vera driftsleverandører, eller andre som må utføra sine oppgåver og har tilgang til dine opplysningar.

Tysnes kommune vil i slike tilfelle alltid forsikra seg om at utvekslinga er basert på lovleg grunnlag og at teieplikta vert fylgt. Det skal liggja til grunn klare avtaler for å sikra opplysingane dine.

Innebygd personvern og personvern som standardinnstilling

Me vil sjå til at dine personopplysingar er godt teknisk sikra. Me vil også ta omsyn til den risikoen som handsaminga kan ha for deg. I tillegg vil me gjennomføra andre tiltak for å ivareta dei ovannemnde grunnprinsippa. Dersom noko går galt, vil me også ha beredskapsplaner for dette.

Nemnte plikter er skildra i personopplysningsloven og personvernforordningen artikkel 24 og 25.

Informasjonskapslar og analyse

Våre nettsider bruker informasjonskapslar (cookies) for å skreddarsy nettenester og gje deg ei god brukarerfaring. Ein informasjonskapsel er ei liten tekstfil som vert lagra på maskina di.

Les mer om kva informasjonskapslar vi bruker. PDF document ODT document

 

Nettsidestatstikk

Med bruk av analyseverktøyet Matomo gjennom leverandøren av publiseringsløysinga vår, får me mellom anna informasjon om kva sider som er besøkte. Google LLC er leverandør av Google Analytics, og databehandlar for statistikken som blir samla inn. Tysnes kommune er databehandlingsansvarleg, og bestemmer kva opplysningar som blir samla inn og blir sende til Googles serverar i USA.

Sporing av brukaråtferd

Google Analytics 4 lagrar ikkje IP-adressa til brukarar av nettstaden. Delar av IP blir nytta til å plassera brukarar geografisk, på regions- og landsnivå, denne behandlinga skjer på europeiske serverar. Tysnes kommune har deaktivert innsamling av "granulær posisjons- og einingsdata", som mellom anna betyr at me ikkje samlar inn einingsdata som type mobil, operativsystem, nettlesar osb. På denne måten varetek me personvernet til brukarane våre av nettstaden. Levetida på informasjonskapslane som Google Analytics 4 bruker for å skilja brukarar frå kvarandre er sett til lågaste innstilling, 2 månader. Funksjonen for å utvide tida i høve returnerande brukarar er slått av.

Tysnes kommune har ikkje aktivert innstillingar for annonsesporing.

 

Meir om personverninnstillingar i Google Analytics 4

Personvernombod

Tysnes kommune sitt personvernombod skal medverka til at kommunen føl krava i regelverket. Personvernombodet skal også vera eit bindeledd mellom deg og kommunen dersom du har trong for hjelp til å ivareta dine rettar på området.

Du kan kontakte personvernombodet på e-post personvernombod@tysnes.kommune.no.