Adressering

Nye adresseparsellar

Jf. matrikkellova § 21 skal kommunen fastsetje offisiell adresse. Før kommunen kan tildele nye vegadresser må kvar nye adresseparsell får adressenamn. I 2018 skal kommunen handsame tildeling av namn for 2 nye vegadresseparsellar (1136 og 1137).

 

I forkant av dette skal kommunen samla inn forslag til namnsetjing og innspel til inndeling frå befolkninga, grunneigar og lokale lag og foreiningar, som adressetildeling kan ha betydning for. Namnforslag skal sendast til Kart og oppmåling ved Eining for forvaltning innan

15.11.2018 og merkast «Adresseparsellar 2018 + adressekode»

Vedlagt finn ein kart over forslag. Namn som er brukt i kart er så langt berre fyrste forslaget frå kart og oppmålingsavdelinga. Føreslege namn skal følgje prinsipp for val av adressenamn. (sjå vedlegg)

Me gjer merksam på at det er kommunen som adressemynde som fastsett namn på adresseparsell. Val av adressenamn er eit politisk vedtak i kommunen og kan ikkje påklagast, medan skrivemåten vert fastsett etter reglane i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn og kan klagast på etter reglene for klage der.

Prosedyre for vedtak av vegnamn

  • Kart og oppmåling lager fyrste forslag og inndeling i nye adresseparseller

  • Namneforslag vert samla inn.

  • Utval Landbruk / Teknisk veljer namn som skal handsamast vidare frå dei innkomne forslaga.

  • Stadnamntenesta får alle namn til uttale om skrivemåten.

  • Evtl. endringar vert handsama i Utval Landbruk / Teknisk på nytt.

  • Før politiske organ i kommunen gjer sine vedtak, vert sakstilråding lagt ut til offentleg høyring.

  • Formannskapet gjer vedtak om namn som skal leggjast fram for kommunestyre.

  • Kommunestyret vedtek vegnamn og områdenamn.

     

    Orientering vert send til lag / organisasjonar, kulturetaten, lagt ut på heimesida og på Kommunehuset.

    Grunneigarar som vert direkte berørt av namneval får brevet direkte.