Leirskule og skuleturar

Tenesteomtale

Ein del av undervisningstida i grunnskulen kan leggjast til ein leirskule. I så fall vil dette vere ein del av den obligatoriske grunnskuleopplæringa. Skulen har inga plikt til å tilby opphald på leirskule, men det er vanleg at elevane drar på leirskule saman med læraren sin ein gong i løpet av grunnskulen. Undervisninga vil i stor grad skje utandørs, anten på fjellet eller ved sjøen der leirskulen ligg.

Det praktiske opplegget knytt til turen vil bli drøfta med foreldra på førehand.

Kriterium/vilkår

Alle elevar skal ha høve til å delta på ein skuletur. Det gjeld òg elevar med funksjonshemming. Du kan ikkje utestengast frå skuleturar på grunn av dårleg orden eller åtferd.

Pris for tenesta

For eleven er leirskuleopphaldet gratis.
 
For skuleturar kan det koma kostnader til mat. Turen treng ikkje finansierast av skulen. Ein skuletur kan til dømes finansierast ved hjelp av dugnad, småjobber eller loddsalg.
 
Ein føresett eller ein foreldregruppe kan donera pengegåver til ein slik skuletur, men gåva må gjevast anonymt, og må koma heile elevgruppa til gode.

Lover

Sjå opplæringslova §§ 2-3, 2-15 og 10-9

Opplæringslova

Tjenesten oppdatert: 26.11.2018 15:52