Ledige stillingar

personalhjulet

Her finn du ledige stillingar i Tysnes kommune.

For å søkje på stillinga, må du registrere deg i webcruiter. Du kan følgje link i annonsane under eller laga deg WebCruiter-ID ev. endra på tidlegare registrering ved å trykkje på boksen "skjema" til høgre på side her.

Brannkonstabel 1,6 %

Tysnes brann og redning ser etter kandidatar som er løysingsorientert, praktisk, serviceinnstilt og med gode samarbeidsevner. Som brannkonstabel får du moglegheiten til å vere med å forme Tysnes brann- og redning, slik at tenestene våre til ei kvar tid speglar det risikobildet me skal handtera i kommunen vår.

Sjå meir informasjon og søk på stillinga her.

SØKNADSFRIST: 02.12.18

Helsefagarbeidar, 13,6 %

Open omsorg yt tenester til heimebuande.
Me treng fleire dyktige kollegaer til helgestilling i 13,6 % . Stillinga inneber arbeid kvar 3.helg og me søkjer fortrinnsvis etter personar med fagbrev som helsefagarbeidar.

Søk meir informasjon og søk stillinga her.

S`ØKNADSFRIST: 29.11.18

Helsefagarbeidar 17,6 %

Tysnes omsorgssenter ligg i Uggdal og er eit nytt og moderne bygg. Omsorgssenteret har til saman 30 institusjonsplassar, med eigen avdeling for demente og 5 plassar til korttids- og rehabiliteringsopphald. Det er også knytt KAD-plass til eine avdelinga, der det vert gitt tilbod om augeblikkeleg hjelp som alternativ til innlegging på sjukehus.

Me søkjer no etter ein ny kollega, som kan gå inn i helgestilling med arbeid 2.kvar helg. Me ynskjer primært å tilsetje ein helsefagarbeidar, men kan tilsetje assistent for opptil eit år dersom me ikkje får fagleg kvalifiserte søkjarar.

For meir informasjon og registrere din søknad her.

SØKNADSFRIST: 29.11.18

Helsefagarbeidar 50 %

Tysnes omsorgssenter ligg i Uggdal og er eit nytt og moderne bygg. Omsorgssenteret har til saman 30 institusjonsplassar, med eigen avdeling for demente og 5 plassar til korttids- og rehabiliteringsopphald. Det er også knytt KAD-plass til eine avdelinga, der det vert gitt tilbod om augeblikkeleg hjelp som alternativ til innlegging på sjukehus.

Me søkjer no etter ein omgjengeleg, omsorgsfull og smilade kollega, som vil vere delaktig i utviklinga for godt pasientarbeid og arbeidsmiljø. Søkjarar må ha fagbrev som helsefagarbeidar og vil gå inn i 2-delt turnus med arbeid kvar 3.helg.

For meir informasjon om stillinga og registrere søknad, sjå her.

SØKNADSFRIST: 29.11.18