Idrett og Friluftsliv

Arbeidsområde

Aktivitetsmidlar

Tysnes idrettsråd får kvart år ein del midlar frå staten til fordeling mellom laga. Alle idrettslag som driv aktivitet for born og ungdom skal prioriterast. Idrettsrådet fordeler midlane ut frå retningslinene og etter same fordelingsnøkkel som dei kommunale kulturmidlane til idrett.

Anleggsregistrering

Kulturdepartementet sitt register for idrettsanlegg og spelemiddelsøknader er eit nasjonalt register. Kommunen har ansvar for opplysningane frå Tysnes.

Kulturmidlar til idrettslaga

Alle idrettslaga som er medlem i Tysnes idrettsråd kan søkja om tilskot til aktivitetar og drift av anlegg. Frist for innsending av årsmelding og rekneskap er 31. januar.

Møteverksemd.

Planarbeid

Rentestønad

I samband med byggjing med tilskot av spelemidlar kan det søkjast om rentestønad.. Rentestønad vert utbetalt med 50 % av dokumenterte utgifter. Søknadsfrist er 1. mars.

Sekretærfunksjon for Tysnes idrettsråd

Spelemidlar

Søknad om spelemidlar. Idrettslag, andelslag og andre samanslutningar som ikkje har næring til føremål, kan søkja om tilskot. Frist for innsending av spelemiddelsøknader er 15. november.

Friluftsliv

Tysnes kommune er medlem av Bergen og Omland Friluftsråd (BOF), som m.a. har ansvaret for drift og tilrettelegging av dei viktigaste bade- og friluftsområda i Tysnes.

Vandring Tysnes

Merking og gradering av turstiar og løyper etter nasjonal standard.

Undergrupper med utfyllande informasjon:

 

Friluftsområde

 

Vandring Tysnes

 

Spelemidlar

 

Tysnes idrettsråd

 

I alle kommunar med meir enn tre idrettslag skal det vera idrettsråd for idrettslaga. Idrettsråda skal arbeida for best mogleg forhold for idretten, samarbeida med laga, mellom laga og dei kommunale myndigheiter, og mellom laga og idrettskretsen. Idrettsråda skal ha lov i samsvar med lovnorm for idrettsråd vedtatt av idrettsstyret.

Idrettslaga som er med i Tysnes Idrettsråd:

 

Båtlaget Njord/Tysnes

Tysnes golfklubb

Lundegrend IL

Njardar /Tysnes

Onarheim IL

Reksteren IL

Reksteren karateklubb

Tysnes Hestesportslag

Tysnes IL

Tysnes Sportsskyttarklubb

Tysnes Symjeklubb

Uggal IL

 

 

Lenkjer:

 

            Idrettsanlegg.no

            nettbasert søknadssystem for spelemidlar og register over alle idrettsanlegg i Noreg

 

            BOF

Bergen og Omland Friluftsråd

    

            Hordaland Idrettskrets

 

            Hordaland fylkeskommune