Grunnskuleopplæring - retten til gratis opplæring

Tenesteomtale

Norske elevar har rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Dersom skulen krev at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med opplæringa, kan du klage til skulen. Det gjeld til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skuletida, leirskuleopphald, ekskursjonar eller andre turar. Dersom skulen ikkje endrar vedtaket eller praksisen sin, kan du vende deg til Fylkesmannen, som fører tilsyn med verksemda i grunnskulen.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Retten til gratis opplæring er gitt i opplæringslova § 2-15.

Opplæringslova

Tjenesten oppdatert: 26.11.2018 16:10